Kategorier
Politikk

5000 nye grønne jobber til Sogn og Fjordane


Miljøpartiet Dei Grøne gjekk tirsdag 20. august ut med våre fem krav til alle som vil forhandle med oss etter valet. Det første og mest sentrale av desse er kravet om 100.000 nye grøne arbeidsplassar. Desse arbeidsplassane skal kome som eit resultat av ei massiv satsning på nye bærekraftige næringer, og viktigst av dei er havvind. Som stortingskandidat til Sogn og Fjordane sier eg at 5000 av desse arbeidsplassane skal kome i fjordfylket!

Tirsdag vitja eg dei grøne i Florø og høyrde om utmaningane dei har der. Byen lev no i eit skjebnefelleskap med oljenæringa, all den tid næringslivet og politikarane i Florø har lagt alle egga i ein kurv. Fjord Base sysselsetter 1000 i byen i havgapet, og dominerer også landskapet. Problemet er at næringa ikkje er berekraftig, og om ikkje alt for mange år vil oljeverksemda trappast ned. Om det kjem som eit resultat av gjennombrot innan solenergi og følgjande fallande oljepriser, som eit resultat av internasjonale klimaavtaler, eller berre fordi olja tek slutt vert resultatet det same. Innan ikkje alt for mange år er eventyret over. Kva skal dei då leve av?

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at vi må ta omstillinga no som vi har ressursane og handlingsrommet til å makte det. Dei store statlege investeringane i fossil-sektoren må heller gå til ein massiv satsning innan nye fornybare næringer. For fjordfylket er særleg Offshore-havvind aktuelt. Norskehavet har et tilnærma ubegrensa potensiale for utbygging av havvind, og saman med solenergi og vasskraft vil havvind kunne løyse energiutmaningane i heile Europa. Miljøpartiet Dei Grøne ser for seg at satsninga på havvind vil kunne gje oljebundne næringskommuner i Sogn og Fjordane ein mjuk overgang til fornybarsamfunnet. Oljeverksemda vil kunne utfasast på ein kontrollert måte og annen fornybar verksemd innførast. Det er difor vi sier at vi vil krevje 5000 nye grøne arbeidsplassar i fjordfylket som ein del av vårt forhandlingsgrunnlag om vi kjem på tinget.

Miljøpartiet Dei Grøne er ein del av ein raskt veksande global røysle av grøne partier. Vårt systerpari i Tyskland: Die Grunen, har vore arkitektane bak den tyske «Energiwende», der landet har kome langt i å fase ut kull og atomkraft til fordel for solenergi og anna fornybar kraft. Dei Grøne i Noreg ønsker eit norsk Energiwende. No når vi har moglegheit for det, skal vi leggje om energiproduksjon frå olje og gass, til fornybar og bærekraftig vass-, sol- og vindkraft. Ein slik satsning vil skape nye jobbar i heile fylket, ikkje bare i Florø. Også gamle industristader som Førde, Høyanger og Årdal vil være fokusområde for ein slik satsning. Om folket i fylket vil være med, omskolere seg og satsa frisk innan ny grøn industri, så vil Dei Grøne levere dei statlege investeringane. Stem grønt for 5000 nye grøne arbeidsplasser og ein lukkeleg slutt på oljeeventyret!

Tor Øyvind Westbye
1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Ett svar på “5000 nye grønne jobber til Sogn og Fjordane”

Desverre, Tor, eg er Dansk og hadde ikkje muligheit for å stemme…
Likevel vil eg gjerne hjelpe til. Eg leste din kommentar i jubileumsmagasinet idag, og tenkte du kanskje kan hjelpe meg med å hjelpe deg med å hjelpe alle i Sogn og fjordane….!?
Eh, forvirret? Værsågo, her er løsningen på lokaljobb, lokale økologisk grønsaker og helårs produksjon i ein verden med klimaendringer: http://www.youtube.com/watch?v=EPgGmicgO4Q

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s