«Kjøp jord, dei lager ikkje meir av det» lyder eit kjent sitat frå Mark Twain. Og i det er sjølvsagt ein grunnleggjande sanning med ein lokal aktualitet: Den jorda vi bygg ned får vi ikkje att. I det moderne Noreg har vi kanskje og gløymt andre sanninger: at maten vi et kjem frå jorda, og at føresetnadane for alt menneskjelig liv her i landet startar med at nokon snur, sår og dyrker jorda. Vi kan ikkje leve på olja aleine.
Her på vestlandet dyrker ein ikkje menneskjemat, ein dyrker gras til dyrefôr. Difor har eg av pedagogiske årsaker ein minikjøkkenhage i ein kasse slik at poden skal lære at salaten ikkje veks ut av hylla på Rema 1000. Det er naudsynt når den jorda som ein gong fødde vestlendingene med korn og potet no vert slått til silogras, og alt anna enn kjøt og melk blir produsert i andre deler av landet eller i utlandet. Menneskje vert fjerna fra sitt eige eksistensgrunnlag, og den livgjevande dyrkbare jorda vert uten omsut lagt under betong og asfalt for (i den store samanhengen) kortvarige vinster. Dette er resultat av statlege føringer, og ein trugsel mot matsikkerheten i store deler av landet.
Men også husdyrproduksjonen står i fare. Gardsbruk etter gardsbruk vert lagd ned, og bøane gror att. Miljøpartiet Dei Grøne vil ikkje være med på den statleg administrerte nedbygginga av det vestlandske jordbruket. Dei etablerte partia på stortinget har svikta. Kva har senterpartiet eigentleg gjort for den vestlandske gardbrukaren gjennom snart åtte år i landbruksdepartementet anna enn å være med på å akselerere nedlegginga? Problemet med SP er at dei har låst seg til ein forelda tankegang og utdaterte perspektiv. Miljøpartiet Dei Grøne representerer ein ny grøn kraft i norsk politikk, med eit heilskapleg og nyskapande syn på alle politikkfelt. For oss er solidaritet med komande generasjonar, med natur og dyr og med menneskje i andre land bærande prinsipp som styrer politikken. Det betyr mellom anna at samfunnet og økonomien må byggja på reell berekraft som tek utspring i naturressursane og naturens evne til å halde oppe menneskjeleg aktivitet over tid. Og alt startar med maten vi et.
Matproduksjonen må være berekraftig. Det løyser vi best ved å dyrke mat etter økologiske prinsipp. Det gjer også den beste kvaliteten og smaken på maten. Maten vi et er elles ofte full av plantevernmedel og andre giftsstoffer, og kunstgjødsel tømmer lagra av fosfor som vi kan råke tom for i vår levetid. Difor vil vi fjerne merverdiavgiften på økologiske varer, og sette som mål at offentlege matinnkjøp skal innehalda 50% økologiske varer innen 2017. Økologisk produksjon betyr også strengare krav til dyrevelferd. Det er ein sentral sak for MDG. Vi har ikkje rett til å påføre dyr unødig liding for å dekke behov som ofte er meir innbilte enn reelle. Miljøpartiet Dei Grøne meiner vi som forbrukarar må betale meir for maten for å sikre ein berekraftig produksjon som tek dyrevelferd på alvor. Men staten skal og bidra med styrka overføringer til dei bøndene som driv berekraftig og som steller godt med dyra. I område som er utsatt for rovdyr, ynskjer MDG å bruke store penger på å sikra sameksistens mellom rovdyr og beitedyr. Rovdyrgjerde i utmark og gjeting er tiltak vi ynskjer å satse på. Det vil og auke sysselsettinga i landbruket.
For Miljøpartiet Dei Grøne er matvareberedskap ein viktig sak. Vi meiner dagens beredskap står til stryk, for vi er berre sikra i den grad transport av matvarer kan gå som normalt på vegene. Beredskapen er ikkje berekna på å handtere større vanskar enn langvarig streik, noko regjeringens utval for matvareberedskap sjølv seier. MDG er bekymra for livsgrunnlaget her vestpå om ufred, økonomisk krise, miljøkatastrofer eller naturkatastrofer skal råke landet. Vi overlev ikkje lenge på silogras, og kornlagra har myndighetene avvikla. Miljøpartiet Dei Grøne vil auke selvforsyningsgraden av korn, poteter, frilandsfrukt og -grønsaker, melk, kjøt og egg. Fôr, gjødsel og såfrø må med i berekningsgrunnlaget for selvforsyningsgraden. Vi vil attinnføre beredskapslagring av korn for minst eitt års forbruk. For å nå dei måla, må
mykje av den beste dyrkingsjorda i vår landsdel leggjast om frå grasproduksjon til korn og grønsaksdyrking. For å kompensere må melk- og kjøtprodusentane belønnast for å ta i bruk utmarka att.
Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å attskape ein meir naturleg knytning mellom konsument og maten han et. Vi vil fremme nye driftsformer som andelslandbruk, der kunden investerer i avlinga til bonden om våren og kan være med å hauste avlinga direkte. Det kuttar fordyrande mellomledd, og gjer bonden sikring mot dårlege avlingar. Vi har og trua på at etterspurnaden etter parsellar til eigen grønsaksdyrking vil auke om støtteordningar kjem på plass. Utleige av slike parsellar kan verte ein attraktiv attåtnæring for mange bønder, og kaste meir av seg enn dyrking av gras på same areal. Vi ynskjer å starte med dei små og gje alle skoler og barnehager tilgang på parseller til grønsaksdyrking. Men viktigst er Miljøpartiet Dei Grønes generelle politikk for jordbrukssubisidier som er langt meir offensiv enn den som Sp forfekter og vi er ikke redde for å skryte av det. Vi veit vi må snu utviklinga for jordbruket om vi skal sikre livsgrunnlaget her i landet, koste hva det koste vil. Difor vil vi ha som mål med landbruksoverføringane at eit årsverk i landbruket skal avlønnast tilsvarande ein årsløn for andre fagarbeidarar. Det handler om å sikre maten vi et, det handler om å sikre jorda mot nedbyggjing og attgroing, det handler om å skape levedyktige vilkår for vestlandsjordbruket.
For Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje landbruket noko vi kan velje vekk. Det er den viktigste næringa vi har, og vi må vakte og styrke han mot kortsiktige interesser. Nei sel ikkje jorda, og bygg han ikkje ned. – Dei lagar ikkje meir av det.
2 svar på “Kvar vil vi med jordbruket?”
Mange gode poeng her, men det er nokre eg saknar.
Eg er ein av mange som eig og bur på gard men som ikkje driv sjølv. Jorda låner eg til ein profesjonell gardbrukar som brukar mindre enn to dagar per år på å gjødsle, slå og balge dei rundt 30 mål med innmark. Då eg voks opp heile familien fleire veker for å slå og hesje det same arealet. Det seier seg sjølv at produksjonsforholda er kraftig forandra.
Eg bur i Sykkylven – ei industribygd der rimeleg godt betalt fabrikkarbeid har vore lett å få og jordbruk for dei fleste har vore drive med venstrehanda som hobby/ attåtnæring. Det har ført til at kommunen har få dyktige heiltidsbønder att. Vi har mist mykje kompetanse.
Dei få heiltidsbøndene vi har har, rikeleg tilgang til gratis for ved å slå gardar rundt om kring, men har likevel problem med å greie seg. Kapitalkravet er enormt. Driftsbygningar og utstyr kostar, Eit stort problem – både for effektiviteten, energiforbruket og trafikken på vegane – er at dei må køyre lange strekningar langs riksvegen til dei gardane dei slår.
De Grønne bør ikkje gråte over at det forsvinn gardsbruk på Vestlandet, men applaudere det. Med moderne utstyr kan ein bonde fint greie å stelle og hauste innmarka til ti – tjue gardsbruk. Det store problemet er arrondering: at den same bonden får drive større samanhengande gardar slik at drifta kan bli rasjonell.
Dagens brukssstruktur på Vestlandet er å likne med tidlegare tiders teigblanding. Då vart det som kjent gjennomført ei storstilt utskifting for å få større og samanhengande gardsbruk. Ein ny utskiftingsreform er truleg naudsynt-
. Dagens bruksstruktur i vest er prega av folk som bur på garden og som ikkje står for drifta sjølve. I den grad dagens eigarar driv landbruk, er det i stor grad av plikt (dei ser at skogen kryp innover arealet) eller som hobby (hest og sau for ungane sin del). Ingen vil selje jorda. Samtidig er det heilt forståeleg at dei profesjonelle bøndene er lite lystne på å investere i grøfting, jordforbetring, vegbygging osv når dei har garden på usikre tiårskontrakter.
Skal vi få vel utdanna, dyktige,dedikerte og profesjonelle bønder må dei få eige jorda dei skal drive. Her er dagens regelverk ei stor hindring. Helst skal ein selje heile bruket med våningshus, naust, sel på setra osv. Våningshuset er som regel heimen til eigaren. Viss han ikkje skal flytte frå bygda, vil han helst ikkje selje.
Også dei profesjonelle bøndene som kan vere interesserte i å kjøpe meir jord har sine eigne tun og hus. Dei vil helst overta innmark, evt beiterett i fjellet. Andre våningshus på andre bruk berre fordyrar og vanskeleggjer kjøpet. Viss seljar får behalde huset han bur i,, kanskje også tunet med hage og uthus og også naust, sel, jakt og fiskerettar, vil det sukre pillen og gjer det lettare å selje innmarka til ein rimeleg pris.
Dette er ein politikk som nokon må gjere til sin og det hastar. Det aktive vestlandsjordbruket vaklar. Det er nesten ikkje dyr i utmarka. Skogen breier seg i beiteområda i inn- og utmark. Heile landskapet endrar seg. Dei som bur på gardsbruka er folk som får mindre og mindre forhold til landbruksproduksjon. Dei som vil drive profesjonelt blir hindra av eigarformer og eit regelverk tilpassa forholda for ein generasjon sidan.
Smått er godt, trudde vi på 70-talet. No ser vi at alt for smått er eit hinder for fagleg utvikling og rekruttering til næringa. Fokus m ikkjevere på kor mange bruk som forsvinn, men kor stor del av arealet som blir brukt på ein god og miljøvennleg måte. Eg vil tru at betre utdanna og meir profesjonelle bønder også vil kunne greie å drive meir miljøvennleg, utnytte beiteressursane i fjellet betre og greie å utvikle kortreiste produkt og høgare kvalitet betre enn i dag.
Kjetil Tandstad
Hei Kjetil og takk for kommentar.
Eg kjenner godt til dei utfordringane du skisserer, og er einig i at om vi skal fortsette i same trend med utviklinga i jordbruket som i dag, så burde det vært enklare for dei som faktisk driv som heltidsbønder å kjøpe opp tilleggsjorda som dei allerede driver. Noen eigen politikk for dette har vi ikkje i dag, men det kunne vi gjerne vært med på der det har noko for seg. Eg kjem tilbake att til dette.
Dette blir likevel noko på sida av Miljøpartiet Dei Grønes ambisjoner for jordbruket. Vi ønskjer at det skal bli dyrka menneskjemat i alle landsdeler og i alle bygder, slik at befolkningen fekk tryggare mat, og ikkje minst betre forsyningstryggleik i tilfelle av katastrofe og krise. For oss er det også eit poeng i seg sjølv å skapa ein større nærleik mellom menneskje og maten han et, av di vi trur at nærleiken og kontakten med natur gjer oss meir harmoniske og sunne, og ikkje minst at vi tek betre vare på han. Vi ønsker å skape ein situasjon der du som grunneiger vil ønskje å sjølv sette poteter og så grønnsaker til eige forbrukpå noko av di eige jord, og at det vil være lønsamt og hensiktsmessig for deg å gjere det i staden for å kjøpe maten på butikken. Om ikkje du sjølv vil snu jorda, så er det kanskje en nabo eller nokon i bygda som kunne tenke seg å dyrke eigen mat på ledig jord i bygda. For å nå eit slik mål, må prisen på maten i butikkane opp slik at bøndane får skikkeleg betalt for dei varene dei leverer. Tollmurane må og om mulig aukast.
For husdyrproduksjon blir saka noko annleis. Der tel omsynet til dyrevelferd sterkast. Vi bør ikkje ha ein situasjon der mange driv husdyrhold som eit venstrehandarbeid på sida av anna heiltids lønsarbeid. Det gjer ikke god nok oppfølgjing av dyra. Men vi kan heller ikkje godta at bestandane blir for store. Klarer bonden å følge opp dyra skikkeleg om han har 200 eller flere vinterfora sauer? Eller 50 kyr? Da må han akseptere mykje tap på utmarksbeite av lam, og melkinga må takast over av roboter. Det er ikkje mange åra siden ein normalbestand var på 60 vinterfora sauer og 15-20 melkekyr. Vi ønskjer å snu utviklinga i bestandsstorleik slik at ein kan drive som heiltidsbonde med færre dyr. Så får heller kjøtet og melket koste forbrukaren meir, det har vi råd til å betale. MDG jobber for eit heilt nytt tilskotsregime som vil gje kraftig auke i inntekta for dei fleste bønder. Vi vil gjere det lønsamt å nytte utmarka og på den måten gjenskape kulturlandskapet. Å skape forutsigbarhet for bøndane ved å la dei kjøpe opp tilleggsjorda er vi positive til, men vi trur ikkje at ytterlegere effektivisering og mekanisering er vegen å gå.
Om det er stadig større bruk med større dyretal ein ønskjer, med roboter til å melke og roboter til å måke, da er ikkje MDG riktig parti. Men ønskjer ein at det skal være mogleg å leve som bonde på mindre bruk med moderate dyretal og utmarksbeite, at det skal løne seg å dyrke mykje mat i eigen kjøkkenhage og også kunne kjøpe kortreiste poteter og grønsaker på Vestlandet, at vi skal være i stor grad sjølvforsynte på sentrale jordbruksprodukter her i landet, ja da kan ein vurdere MDG.