Kategorier
Politikk

Friske fjorder! Valgkampsaker for MDG i Sogn og Fjordane


Parti fra Sognefjorden
Parti fra Sognefjorden

Friske fjorder!

Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane er stolte av Noregs vakre fjord-natur, og vil vakta ho for framtida. Men det finst dei som ikkje er villige til å spele på lag med naturen, og som ynskjer å øydeleggje fjordane på ulikt vis. Følgjande saker vil være dei viktigaste for partiet i valgkampen som kjem.

Nei til gruvedrift i Engjaø-fjellet! Miljøpartiet Dei Grøne seiar nei til mineralutvinning og gruvedrift i Engjabø-fjellet i Naustdal. Føre-var-prinsippet må liggje til grunn, og prosjektet skrinleggjast. Vi kan ikkje tillate at kommersielle interesser får herse med naturen og fjorden bare dei lokkar med arbeidsplasser og inntekter i kommunekassa. Vi vil lytte til fagkompetansen som åtvarar mot konsekvensane særleg av fjorddeponiet. Vi vil halda Førde-fjorden frisk for framtida!

Ja til tette oppdrettsanlegg! Oppdrettsnæringa har fått fare fram som dei vil i våre fjordar, men forureininga på fjordbotn under anlegga vil dei ikkje snakke om. Undersøkingar har synt at kloakkslam frå mærane ikkje går inn i kretsløpet i fjorden, men legg seg i metertykke lag på havbotn. Kva dei langsiktige følgjene av denne forureininga vil vorte veit ingen, men det er grunn til uro. «Kloakk-deponia» på fjordbotn har ingen godkjend, for næringa har ikkje tala sant om disse utfordringane ved drifta. I dyrevernsperspektiv er også oppdrett problematisk, om ikkje verst i klassen. Kva for lidingar fisken vert utsett for av skadar frå mærdane og av lus kan ein vanskeleg førestelle seg.  Trugslen for vill-laksen må heller ikkje gløymast. Er vi i ferd med å utrydde dei reine vill-laks stammane som har gytt i norske elver i tusenar av år i løpet av eit par generasjonar? Første steg mot ein meir ansvarleg næring er tette anlegg, og vi vil krevje at alle oppdrettarar må lage tette system om dei skal få fornye konsesjonane sine.

Nei til ferjefri E39. Hald Sognefjorden bru-fri! Kva for stormannsgalskap står bak disse ambisjonane i eit fylke som manglar gul stripe på E39 på store deler av strekka? Er ikkje gul-stripe fylket igjennom ambisiøst nok? Miljøpartiet Dei Grøne frå Rogaland til Møre set seg imot planane om ferjefri E39. Alle vegfarande treng ei pause no og då, og fergjene vil være naudsynte og gode framkomstmedel i longe tider framover. Dei kan drivast på gass, eller på straum med batteria. Bru og tunellprosjekta som ein ser føre seg vil leggje slag på enorme kapitalressursar, og vil binde mykje av den offentlege Vestlandsøkonomien. Vi ser mykje anna gode tiltak å bruke pengar på, også for å betre kommunikasjonen. Med dei klimaendringane forskarane ser føre seg, kjem vi til å få bruk for store kapitalressursar til klimatilpassingstiltak her i fylket. Rassikring, flaumsikring og forsterket infrastruktur kjem til å være naudsynte investeringar i åra som kjem, og vil kome meir til nytte ein gigantomane bruprosjekt. Tor Øyvind Westbye 1. kandidat til stortinget for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s