Vi treng ein ny landbrukspolitikk

Sidan den raud-grøne regjeringa overtok i 2005 har det blitt 5000 færre bønder i Noreg. Det bør være klårt for dei fleste at Senterpartiet i regjering verken har hatt ambisjoner eller evne til å stanse denne utveklinga. Senterpartiet er blitt Austlandsbondens parti (og knapt nok det), på tross av alle fagre løfter til småbrukarane på Vestlandet.

Miljøpartiet Dei Grøne ser på nedlegginga av bruk på Vestlandet som ei katastrofe. Landsdelen gror att, og mykje av grunnlaget for turismen står i fare for å forsvinne om fjordlanskapet gror att meir.  Vi i Miljøpartiet er opptekne av at grunnlaget for sjølvforsyning ikkje må forvitre. Vekstøkonomien i verda er ikkje bærekraftig, ei heller oljenæringa. Tida vil komme før ein anar det då vi her i Noreg vil få bruk for all den jordbruksproduksjonen vi kan mønstre.

Primærnæringane er nettopp det: den primære næringa. Jordbruket er grunnlaget for liv her i landet, det verker det som om folk har gløymt. Det er ikke slik at vi i Noreg kan kjøpe oss ut av alle problemer. Klimaendringane som kjem kombinert med befolkningsauke  vil mellom anna få konsekvenser for verdas matproduksjon. Vi ser at land som Russland stansar eksporten av korn i år med dårleg haust, som i 2008 da det vart opprør over matvareprisane i mange av verdas land. Neste gong hausten vert dårlig, tydar alt på at vi vil oppleva det same igjen. Då har vi gått på limpinnen så det suser om vi ikkje kan fø eiga befolkning på maten vi sjølv produserar.

Miljøpartiet Dei Grøne ser med bekymring på særleg nedbygginga av jordbruksjord. Tilgrodd mark er det mogleg om enn kostbart å rydde til dyrkbar mark att, men nedbygd jord får en ikkje att. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer ei langt strengare fredning av dyrka mark, og serleg den beste jordbruksjorda under marin grense. Den er det ikkje mykje av her i fylket, og det er den som er hardast utsett for attbyggjingspress. Miljøpartiet Dei Grøne vil kreve at utbyggjarane må erstatta nedbygd mark med det doble arealet av same kvalitet ein annan stad.

Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere det lønsamt å drive i jordbruket, gjennom ei total omlegging av støtteregimet. Systemet vi jobber for er målretta mot å auke løna for eit årsverk i jordbruket opp til industriarbeidarnivå. Det er den mest offensive jorbrukspolitikken noko parti går inn for. Vi ser at jorbruket er naudsynt for å gi livsgrunnlag til bygdene og grendene utøver landet, og vil gjera det som trengs for å sikre bonden ei ansendig løn for arbeidet.

 

Tor Øyvind Westbye

Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Reklame