Vil den verkelege fjordmannen venligast reise seg?


I Firda 24. august kunne vi lese Norvald Aasen frå Kvammen sine tankar om bakgrunnen for massakren og terrorangrepet 22. juli 2011. Der får vi vite at det er dei innvandringsliberale politikarane som har ansvaret for ugjerninga 22. juli. Ja, han meiner faktisk det: «Det er desse menneska som gjennom dei siste 40 åra har sete med styringa over denne politikken som er dei verkelege syndebukkane. Det er desse som sit med ansvaret for den grufulle handlinga den 22. juli 2011, slik eg ser det!». Aasen har misforstått syndebukk omgrepet, men intensjonen forstår vi. Han skriv vidare at politikarane står bak «ei ønska utsletting av eit lite folk!» (det norske). Eg håpar redaksjonen i Firda gjekk fleire rundar på om dei skulle trykke dette innlegget eller ikkje, all den tid denne konspiratoriske bodskapen er i tråd med massedrapsmannen Anders Behring Breiviks eige manifest, og ikkje minst rasistiske fascistar som bloggaren Fjordmann, derav overskrifta. At Firda trykker dette innlegget same dag som dommen blir opplesen mot den eineaste som eine og aleine har ansvaret for terroren 22. juli, nemlig nemnte Anders Behring Breivik, er noko besynderlig, og om eg får seie det: beklageleg.

Når det er sagt, er eg ein sterk tilhengar av radikal ytringsfridom, og mitt eige parti; Miljøpartiet Dei Grøne, har foreslege å fjerne rasismeparagrafen frå straffelova. Grunnen til dette er at vi trur det er betre at debatten går føre seg i det ope rom, enn i meir eller mindre lukka nettfora. Så lat meg ta fore påstandane til Aasen, for dei skal steikje meg ikkje få vere uimotsagde! Hovudresonnementet til Aasen i innlegget er at nordmenn har blitt fråtatt retten til sjølv å avgjera om dei ynskjer å bli utsletta som nasjon eller ikkje, og at om det hadde vore ein folkeavstemming om spørsmålet så ville folket aldri godteke dette. Vel Aasen, det har med augo som ser. Hadde det vore ein folkeavstemming med følgjande spørsmål: «Ynskjer du at nordmenn skal bli utsletta som folkegruppe til fordel for muslimske innvandrarar», så hadde nok resultatet blitt eit klårt nei. Men premissa i argumentet ditt er håplause, og kan plukkast frå kvarandre på kvart ledd. Hadde du heller spurd: «ynskjer du at Noreg skal hjelpe medmenneske frå andre land som flyktar for sine liv frå krig og konflikt til eit betre liv her i landet, i tråd med dei forpliktingane Noreg har teke på seg gjennom dei sameinte nasjonar (FN), som til gjengjeld gjer Norge ein plass i det internasjonale samfunn av statar og dermed sikrar internasjonal aksept for norsk suverenitet på norsk territorium?», ja da hadde vel dei fleste svara ja. Det kan eg seie for det er det som er gjeldande politikk, og som fleirtalet av dei røystande har samla seg bak i stortingsvala dei siste førti åra.

Folk flest hatar nemlig ikkje innvandrarar og muslimar slik Kvammen og andre fjordmenn ser ut til å gjera. Og vi er slett ikkje i ferd med å bli utsletta som nasjon. Den norske nasjon er ein robust nasjon i verda med evne til å inkludere og integrere innvandrar og deira etterkomarar i den nasjonale folden. Den norske nasjon vil kunne handtere eit mangfold i både religion, hudfarge og kulturell påverknad frå andre land. Det som vil kunne vere eit trugsmål mot nasjonen derimot er rasisme, nyfascisme, og hat mot minoritetar. Om den norske nasjonalkjensla ein dag slår sprekker, vil det ikkje vere skulda politikare som føra ein human innvandring- og asylpolitikk i tråd med internasjonale forpliktingar, nei det vil skuldast rasistiske fjordmenn med forvirra verdsbilete, forkvakla verdisyn og kalde hjarte.

Reklame

Av Tor Westbye

Podcaster, blogger og polemiker.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s