Til kamp mot dystopiar.

Det har dei siste dagane forgått ein oppkava debatt på Firda sitt nettforum etter mitt innlegg «Vil den verkelege fjordmannen venligast reise seg?» (endra til «folk flest hatar ikkje muslimar» av Firda i papirutgåva), der eg tek til motmæle mot Norvald Aasen som i Firda sist fredag meinte det var regjeringa sjølv som var skuldige i hendingane 22. juli 2011. Innlegga til dei mest rabiate debattantane Henning Rutledal og Odd Future (eg regnar med det er eit pseudonym) i nettdebatten dreier seg stort sett om å peike på fæle muslimar er mot konene sine, og kor mykje innvandrarane kostar det norske samheldet. Her er berre eit eksempel frå nevnte Rutledal: «Hvorledes beriker muslimer og deres islam Norge? Ja, dersom man ser bort fra overfallsvoldtekter, kjønnslemlestelse, trygdemisbruk, æresdrap og tvangsekteskap med tilhørende innavl og det som følger med av medisinske og genetiske konsekvenser?» Eg har ikkje vore interessert i å gå inn i denne polemikken, av den grunn at nyanserte synspunkt sjelden bit på slike debattanter. Eg får også ein dårlig kjensle av kva som er usagd i denne debatten.

Dei spørsmåla eg stiller meg er: kva slags haldningar ligg bak disse einsidige angrepa mot muslimar? Og kva for tiltak er det dei ville gått inn for om dei fekk påverka? Sjølv om ein skal være forsiktig med å leggje til folk meiningar, kan svara ikkje vera anna enn rasisme og diskriminering. Ja, dei er rasistar for kvifor er det berre muslimske menn dei angrip i sine innlegg om vold i familien? Om det var temaet vold i nære relasjonar dei var opptekne av, ville dei også være opptekne av norske menns vold mot eigne koner og kjærester. Men dette blir bagatellisert. Og om det var trygdemisbruk i seg sjølv dei vart provoserte av, er det nok av etniske norske som driv med den sporten óg. Nei, her er det tydeleg at det er etnisitet, hudfarge og religion i seg sjølv som er problemet. Da må vi kalle ein spade for ein spade og ta avstand frå rasismen. Eg skreiv at diskriminering var svaret på det andre spørsmålet. Kva er det dei eigentleg ynskjer å oppnå? Kva for tiltak er det dei ville gått for? Kva anna enn tiltak som forskjellbehandlar? Det følgjer som ein logisk konsekvens av kvarandre. Rasistar uttrykker sitt framandhat på nettfora under dekke av å berre peke på fakta og problemstillingar i samheldet. Diskriminering er fruktene av desse haldningane om dei får føre frem til politisk handling.

Vi kan konkludera med at vi har ei rekke debattantar frå Aasen til Rutledal i Firdas nettforum som er meiningsfeller med massedrapsmannen Anders Behring Breivik når det gjelder det rasistiske og dystopiske synet på islam og muslimar. Så er spørsmålet: Kva skal vi gjere med det? For det første: burde PST varslast? Og vidare: skal vi gå i dialog med dei? Er det noko poeng? Nei, desse får vi ikkje snudd med det første. Men vi kan ikkje tillate oss å vere stille, for vi må tenkje på dei som les debattane. Dei som er i formingsfasa, dei som er i ferd med å bli desillusjonerte. Dei må få høre at den finst ein anna versjon. At flerkulturelle samhelde fører med seg gode ting. At det er mogleg å inkludere og integrere innvandrarar i samheldet vårt. At vi som nasjonen tenar på det, og ikkje minst at det er rett å hjelpe folk i naud. Det er bodskapen om at varme hjarte kan finne saman på tvers av etniske og religiøse skilnader. Det er håpet vi må bære at det skal være godt å være norsk og bo i Norge også i 2060.

Reklame

Vil den verkelege fjordmannen venligast reise seg?

I Firda 24. august kunne vi lese Norvald Aasen frå Kvammen sine tankar om bakgrunnen for massakren og terrorangrepet 22. juli 2011. Der får vi vite at det er dei innvandringsliberale politikarane som har ansvaret for ugjerninga 22. juli. Ja, han meiner faktisk det: «Det er desse menneska som gjennom dei siste 40 åra har sete med styringa over denne politikken som er dei verkelege syndebukkane. Det er desse som sit med ansvaret for den grufulle handlinga den 22. juli 2011, slik eg ser det!». Aasen har misforstått syndebukk omgrepet, men intensjonen forstår vi. Han skriv vidare at politikarane står bak «ei ønska utsletting av eit lite folk!» (det norske). Eg håpar redaksjonen i Firda gjekk fleire rundar på om dei skulle trykke dette innlegget eller ikkje, all den tid denne konspiratoriske bodskapen er i tråd med massedrapsmannen Anders Behring Breiviks eige manifest, og ikkje minst rasistiske fascistar som bloggaren Fjordmann, derav overskrifta. At Firda trykker dette innlegget same dag som dommen blir opplesen mot den eineaste som eine og aleine har ansvaret for terroren 22. juli, nemlig nemnte Anders Behring Breivik, er noko besynderlig, og om eg får seie det: beklageleg.

Når det er sagt, er eg ein sterk tilhengar av radikal ytringsfridom, og mitt eige parti; Miljøpartiet Dei Grøne, har foreslege å fjerne rasismeparagrafen frå straffelova. Grunnen til dette er at vi trur det er betre at debatten går føre seg i det ope rom, enn i meir eller mindre lukka nettfora. Så lat meg ta fore påstandane til Aasen, for dei skal steikje meg ikkje få vere uimotsagde! Hovudresonnementet til Aasen i innlegget er at nordmenn har blitt fråtatt retten til sjølv å avgjera om dei ynskjer å bli utsletta som nasjon eller ikkje, og at om det hadde vore ein folkeavstemming om spørsmålet så ville folket aldri godteke dette. Vel Aasen, det har med augo som ser. Hadde det vore ein folkeavstemming med følgjande spørsmål: «Ynskjer du at nordmenn skal bli utsletta som folkegruppe til fordel for muslimske innvandrarar», så hadde nok resultatet blitt eit klårt nei. Men premissa i argumentet ditt er håplause, og kan plukkast frå kvarandre på kvart ledd. Hadde du heller spurd: «ynskjer du at Noreg skal hjelpe medmenneske frå andre land som flyktar for sine liv frå krig og konflikt til eit betre liv her i landet, i tråd med dei forpliktingane Noreg har teke på seg gjennom dei sameinte nasjonar (FN), som til gjengjeld gjer Norge ein plass i det internasjonale samfunn av statar og dermed sikrar internasjonal aksept for norsk suverenitet på norsk territorium?», ja da hadde vel dei fleste svara ja. Det kan eg seie for det er det som er gjeldande politikk, og som fleirtalet av dei røystande har samla seg bak i stortingsvala dei siste førti åra.

Folk flest hatar nemlig ikkje innvandrarar og muslimar slik Kvammen og andre fjordmenn ser ut til å gjera. Og vi er slett ikkje i ferd med å bli utsletta som nasjon. Den norske nasjon er ein robust nasjon i verda med evne til å inkludere og integrere innvandrar og deira etterkomarar i den nasjonale folden. Den norske nasjon vil kunne handtere eit mangfold i både religion, hudfarge og kulturell påverknad frå andre land. Det som vil kunne vere eit trugsmål mot nasjonen derimot er rasisme, nyfascisme, og hat mot minoritetar. Om den norske nasjonalkjensla ein dag slår sprekker, vil det ikkje vere skulda politikare som føra ein human innvandring- og asylpolitikk i tråd med internasjonale forpliktingar, nei det vil skuldast rasistiske fjordmenn med forvirra verdsbilete, forkvakla verdisyn og kalde hjarte.