Ja til kommunal kontantstønad


Miljøpartiet Dei Grøne er positive til forslaget fra Førde FrP om å innføre lokal kontantstønad. Ikkje berre fordi at dette vil bidra til å løse kommunens prekære mangel på barnehageplasser, men også fordi kontantstønad er tråd med fleire av våre grunnleggjande prinsipper.

Eg blir nesten deprimert når jeg hører fra SV og Ap korleis kontantstøtta er eit angrep på likestilling, og at det er synd og skam at arbeidsføre folk blir gående hjemme heller enn å jobbe. Kven er det velferdsordningene er laga for, folket eller staten? Det som er best for kvar enkelt familie må være det som ein må leggje til rette for. For mange er det det beste å vere heime med eigne barn. Det er eit privilegium for dei som får det til. Mange går frivillig ned i inntekt for å yte omsorg til egen familie. Når vart det eit problem?

SV er mest bekymra for likestillinga. Dei frykter at mor blir gåande heime mens far er på arbeide. Er det eg som har misforstått: er ikkje målet med likestilling at kvinna skal få ha dei same sjansane, men ikke nødvendigvis bli tvinga til å gjere det same som mannen? For både foreldra er det å bruke tid med barnet i dei første leveåra eit gode, ikkje ein belastning. Det skaper trygge barn og solide familier. Sjølv har eg vore heime med sonen min denne våren i mangel på barnehageplass, og er takksam for dei sterke bånda eg har knytt med ham. Når kona er lege og eg student, er det mest økonomisk at det er eg som arbeider heime. Når ein ser på kjønnsfordelinga blant studentane i fleire av prestisjeutdanningane på høgskule og universitet, kjem argumentet om at det alltid er meir økonomisk for familiane at det er mor som må gå heime, snart til å bli ugyldig.

Kva skal vi eigentleg med alle pengane? Noreg er eit av verdas rikeste land, og når rekkehus på Vie blir solgt for meir enn tre millionar kroner, tydar det på at det ikkje manglar penger i Førde heller. Ja, buutgiftane er høge, men vi har aldri brukt ein mindre andel av inntekta på mat enn no, og forbruket har aldri vore høgare. Det å bruke peng har blitt ein hobby (og for nokon eit strev) i seg sjølv. Dette overforbruket er ein miljøbelastning, og det er gira av ein petroleumsindustri som ikke finnast bærekraftig.

Eit av måla til Miljøpartiet Dei Grøne er at vi skal jobbe litt mindre, og leve litt meir. Vi har ikkje eit ansvar overfor staten om å jobbe 100% livet ut for peng vi ikkje treng, sama kva Ap vil ha oss til å tru. Derimot har vi alle eit ansvar overfor vår eigen familie om å bygge solide heimer og skape trygge barn. Det viser forskninga at ein gjer best om ein sjølv bruker tid med dei når dei er små. Trygge familier gjer trygge lokalsamfunn, det tjener vi alle på. Difor seier vi ja til lokal kontantstønad!

Reklame

Av Tor Westbye

Podcaster, blogger og polemiker.

Ett svar på “Ja til kommunal kontantstønad”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s