Kategorier
Kommentarer

Laksekakser og andre bønder


Maxwell fra 1906

På Firdas framside 19. mai får vi sjå ein «spent og øsen eigar bak rattet på ein 106 år gammal Maxwell». Deretter får vi vite at lakseoppdrettar Alex Vassbotten i Eikefjord har over 30 eksklusive veteranbilar i garasjen. Redaksjonen i Firda synast tydeligvis at det er gode nyhende å la Vassbotten få demonstrere kor latterlig rik han har blitt av å selge oppdrettslaks, samstundes som fylkets bønder aksjonerer for ein levelig avkastning fra sin næring. Ei melkebonde kunne i morgensendinga til NRK Sogn og Fjordane fortelle at ho kunne ta ut 15.000 kr i månadslønn frå det toppmoderne samdriftsfjøset til 9 millioner kroner som nylig vart satt opp. Det kan synast som ein veldig dårleg investering. Kanskje vi skal spørre Vassbotten kva for avkastning ein hadde fått for 9 millioner om ein hadde investert det i oppdrettsnæringa? Mon tro kva han har i månadslønn? Nok til å kjøpe nok ein 106 år gammal Maxwell? Nei, vent! Han vil ikkje ha to biler frå same år. Den måtte blitt noko eldre den neste da.

Kvifor denne sammenligninga kan du spørre. Er den ikkje åpenbar? Begge produserer jo mat og tilhører primærnæringa. Samstundes står dei overfor totalt ulike vilkår i sine næringer. Bøndene har mista kontroll over verdikjeda og står att med omtrent same råvarepris nå som i 1985 for sine varer. Fortjenesta er det matindustrien og butikkjedene som tek. Lakseprisen på si side har svingt mykje, men det har vore svært mange gode år for næringa, og svært mange oppdrettseigarar har blitt rike.

Laks som er skadet av lakselus = dyreplageri.

Men der tradisjonell landbruksnæringa særleg på Vestlandet stort sett er bærekraftig og ikke overbelaster naturen, har oppdrettsnæringa vekse på bekostning av miljøet og det biologiske mangfoldet. Villaksen er truga av utrydding som genetisk rein art, og produksjon av fôr til oppdrettslaksen har ført til en overbeskatning av mange villfiskarter. Vi er kort sagt i ferd med å ete oss ned i næringskjeden i havet. Rømming av oppdrettsfisk, sykdom og lus samt kloakkslam som legg seg på havbotn er fleire av dei problematiske sidane ved oppdrettsnæringa. Dette er det ikkje eg som finn på, men det er blant konklusjonane i ein rapport fra Norsk Riksrevisjon (jmf. Riksrevisjonens undersøkelse av havbruksnæringa, dokument 3:9 (2011-2012))

Sei som har spist seg dårleg på laksefôr.

Poenget er at i Noreg tjener man ikkje penger på å drive bærekraftig. Det er om å gjøre å hente opp mest muleg ressursar frå havet på kortast muleg tid, enten det dreier seg om olje og gass, eller oppdrettslaks. Begge næringane har store avkastningar og er viktige for det norske handelsoverskottet, men begge næringane utarmar naturen på kvar si måte. Og den som trur at vi kan leve på oppdrettslaks i ein internasjonal matvarekrise tek grundig feil. Før den tid vil truleg næringa ha fiska hava tomme for småfisk, og være nøydd til å fore fisken med erter og soya, nett slik vi forar slakteoksane. Då vil dei måtte importere kraftfôr frå dei same marknadene som anna kjøttproduksjon, og den importen vil opphøre om eksportlanda ser seg nøydde til å heller ete maten sjølv. Mange undersøkelser tydar dessuten på at kvaliteten på fisken vil bli mykje dårlegare med vegetabilsk fôr. Laksen er jo frå naturen ein rovfisk. Ikkje rart Vassbotten og dei andre i næringa hentar ut det dei kan. Om nokon år kan det være slutt på billig fôr i form av småfisk i sjøen, og da er det greit å ha tatt ut den avkastninga som er mogleg.

Så kva skal vi med lakseoppdrettarane? Kva er det vi ofrar villaksen og småfiskbestandane i havet for? At vi skal ha ein kakse på annenkvart nes langs kysten som kan bygge seg opp sine private veteranbilsamlingar? Om 50 år kan heile næringa være borte, truleg er den det. Men jorbruksproduksjonen vil være der. Så kan bøndane gå saman og spleise på drifta av Eikefjord veteranbilmuseum, om ikkje arvingane til Vassbotten heller vel å selje bilane slik at dei kan sette potet, mjølk og brød på bordet.

Tor Øyvind Westbye

Fylkesleder i Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s