Magne Dvergsdal (FrP) kjem i eit innlegg i Firda fredag 04. mai med oppsiktsvekkande påstander: Vi har ikkje noko «global warming». Heile klimakrisa kan avfeiast! Det er imponerande at det er ein tannlege frå Jølster som kjem med denne oppsiktsvekkande avsløringa. Er dei internasjonale nyhendebyråa varsla? Sjølvsagt er dei ikkje det, for Dvergsdal har ikkje oppdaga nokon ting. Han reproduserar kun gamalt tøys fra andre klimaskeptikare.
Det er forstemmande at ein høgt utdanna mann kan fare med slikt tant og fjas på denne måten. Klimaforskning er nettopp det; forskning. Det vi veit om klimaendringar er ikkje dikta opp av venstreradikale på Youngstorvet slik Dvergsdal later til å insinuere. Nei det er resultata av eit århundre med forskning, frå Vilhelm Bjerknes sine oppdagingar innan meteorologi og fram til i dag. Det er konsensus blant verdas klimaforskarar at vi menneskje er i ferd med å utløyse alvorlege klimaendringar, og at det er ei av dei aller største utfordringane bofolkninga på jorda står overfor ved sida av trugselen for atomkrig.
Kvar er vi som samfunn om vi skal slutte å tro på vitskapen? Heile vår moderne sivilisasjon er byggja på vitskapen, og hadde vi ikkje kunne stole på dei prinsippa vitskapen arbeidar etter, hadde vi stådd på bar bakke. Vi treng ikkje like dei svara forskarane gjer oss, men vi er nøydd til å lite på dei. Dvergsdal og andre klimaskeptikare kan koma med argumentasjon som kan høyrast fornuftig ut, men den er ikkje vitskapleg underbyggja. For å ha truverde er dei nøydde til å koma med kildereferanser og vise til kva for forskning dei byggjar argumenta på. Om dei ikkje gjer det, er argumenta ikkje meir enn tome ord.
Dvergsdal har likevel rett i ein ting. Sykkelvegar som klimatiltak i Noreg monnar lite. Men når vi har ein regjering som ikkje evnar å sjå elefanten i rommet, nemlig utslippa som følgje av aktivitet på norsk sokkel, er dei nøydd til å snu på kvar flis for å kompensere med innlands CO2-kutt. Men sykkelvegar er ei glimrande investering på mange andre måter. Dei monnar godt når det gjeld lokale utslepp fra biltrafikk, og ikkje minst for folkehelsa for å førebygge fedme og overvekt og dei plagane som kjem av det.
Klimakrisa kan føre gode ting med seg også. No kan vi ta dei første stega på veg mot eit bærekraftig samfunn. Veksten kan ikkje vare evig, økonomien og ressursbruken må stabiliserast. Det har vi berre godt av, og det trenger ikkje bety verdas undergang. Klimakutt er viktig, også i det små. Om ikkje vi i rike Noreg klarar å kutte i våre utslepp, korleis skal vi då kunne argumentere for at dei fattige landa skal gjere det? Det handler ikkje berre om symbolpolitikk. Det handlar, som alt anna, om truverde.