Som tilflyttar til Førde reagerar eg på den dårlege tilgongen på returpunkter i Førde. Eg bur på Vie, og næraste returpunkt har eg fått høyre er ved Førdehuset. Det er for dårleg! For det første burde kommunen leggje til rette for kjeldesortering av plast og matavfall, at det ikkje er på plass er eit problem i seg sjøv. Men at det skal væra så tungvindt for folk å få levert glass og metall heng ikkje på greip. Her må dei ansvarlege troppe opp og etablere fleire returpunkt der folk bur. Det er som om dei ikkje har fått med seg at det flytter folk inn i husa som vart bygga på Via. Blir vi tvugne til å nærast måtte planlegge ein ekspedisjon ens ærend med bil til Førdehuset for å få levert glass og metall, er jeg redd mange lar være. Slik kan vi ikkje ha det!